Turar i nærområdet

Her kan du lese om dei ulike turane du kan ta med utgangspunkt i Andreasgarden

Roppehornet 412 moh

Dette er kanskje den mest populære fjellturen i Ulstein, ikkje minst ein sommarkveld når klokka er 23.30, og du sit på toppen og ser himmel og hav møtast og sola går ned i horisonten. Så er himmelen farga i raudt, gult og orange, og du har den beste tilskodarplassen av alle.

Du går opp frå Andreasgarden, tek deg god tid, nyt utsikta og etter ein (og ein halv) time er du oppe. Du kan også gå opp frå Gåsneset på Ulstein. Det er også ein fin tur, men den er brattare.

Har du særs dårleg tid, kan du køyre halve vegen med bil, og berre gå fjellråsa siste delen av turen.

Veten 520 moh

Veten er  fjellet rett ovanfor Fløbygda. Du går opp frå Andreasgarden, kjem opp i fjellvegen som fører til Brørevatnet.  Etter omlag 50 m, ser du skilet merka Veten. Då er det berre å fylgje dei raude merka. Dette er ein bratt tur, ikkje for dei minste barna, men kjem du opp, er utsikta formidabel. Følg gjerne fjellet framover til du kjem til Smørkinna. Her får du gjerne selskap av eit ørnepar eller to. Så kan du berre halde fram i ei godt merka rås til og langs Snellelida, og etterkvart kjem du ned til Brørevatnet og kan fylgje fjellvegen ned att til Fløbygda.

Fløbygda med Veten og Midtfløhornet i bakgrunnen

Grasøya

Grasøya, med fyrtårnet, ligg i havgapet nordvest for Fløbygda. Her er eit rikt fugleliv som er freda i hekketida. I gamal tid, fram til 1910, slo Fløbøndene graset het ute, og frakta det i færing tilbake til bygda. Fyrstasjonen var bemanna framtil 1986, då den vart automatisert. Husa er renoverte, og Flø feriesenter arrangerer guida turar dit i delar av sommarhalvåret.

Sola går ned sør for Grasøya

Ytre – Fløvatnet

Ytre-Fløvatnet er ei lita perle på Flø. Du køyrer/syklar / går gjennom Fløbygda til parkeringsplassen. Deretter fyl du grusvegen utover, går gjennom to grinder, og kjem etter kvart inn på råsa oppover mot Ytre-Fløvatnet og fjellet Skolma. Dette er også turar som fint kan kombinerast. Ytre-Fløvatnet ligg idyllisk til, så her må du gjerne raste. Fiskestang og makkeboks er her på sin plass. Er du heldig, kan du grille kreder på bålet etter kvart. Turen høver for born og vaksne, sjølv om dei minste borna nok må berast i dei tyngste bakkane. Turen tek omlag ein time, eller meir, frå Ytre Flø.

Siste tur til Ytre Flø vatnet

Tur til Høgebakken (Vartdalsfjella) i Sunnmørsalpane

Til denne turen må du ha eigen bil tilgjengeleg. Tur og vanskegrad kan leggast opp etter ynskje. Men vi køyrer ein god time med eigne bilar frå Flø (Ulsteinvik). Oddbjørg disponerer ei enkel fjellhytte midt i smørauga av dei ville og vakre Sunnmørsalpane. For nokre er det kanskje nok berre å få kome hit, site på altanen og ta inn synet av tinderada: Åvasstinden, Fosholstinden, Middagshornet, Romedalstinden, Kolåstinden, Vartdalshornet, Årskogfjellet og mange fleire. Fjella er nære og mange turar lett tilgjengeleg. Ein treng ikkje ta toppturane for å kjenne fjellglede og nyte den friske fjell-lufta.

Vertskapet vil servere eit enkelt varmt måltid ute.

Pris må her avtalast ut i frå den einskilde tur.

Som vertskap for turane, kan vi ikkje ta økonomisk ansvar for evt.uhell eller hendingar knytt til desse turane.

ANDRE TURAR I DISTRIKTET

  • Sykkel/biltur til ishavsbygda Brandal, med Ishavsmuseet og Kvitneset (Omlag 30 .min køyretur)
  • Sykkel/biltur til fugleøya Runde (Omlag ein times biltur)
  • Tur til jugendbyen Ålesund (omlag 1,5 t med bil/båt)
%d bloggere liker dette: