Andreasgarden gjestetun opna sommaren 2020.
Oddbjørg Vartdal driv Andreasgarden gjestetun saman med mannen, Lasse Holstad.
I heimen og gardstunet sitt tek dei imot mindre selskap/grupper (8-20 stk) til lokal mat og kultur.

Program for eit vanleg gjestebod i Andreasgarden
Husfolket, Oddbjørg og Lasse, ynskjer gjestane velkomne ute på tunet med eit glas alkoholfri drikke. |
Info om garden og bygda. |
Middag: Oftast Oddbjørg si urte-og fiskesuppe med heimebaka brød og hylleblomstersaft. Kaffi. Eigen barnemeny. |
Lasse fortel om hendingar fra Fløbygda og storhavet, mest fra ei tid som var. I tillegg deler han gjerne lyrikk og song. |
Pause. Her går vi gjerne opp til kvernhusområdet, der 4 kvernhus er tekne vare på, og ein kan sjå og få fortalt korleis maling av korn foregjekk fra 1800 talet. Det fremste kvernhuset er innreia til eit lite kapell, med plass til 7-8 stk. Her er det høve til å kike inn, eller berre ta seg ei fredeleg stund åleine. |
Dersom det er ynskje om det, og husfolket er i form, framfører dei gjerne Bukkerittet fra Ibsens Peer Gynt. |
Har nokre av barna med fiskestang, er det rikeleg høve til å prøve fiskelykka i elva som renn like ved, med store sjansar for fiskelykke. |
Om veret er fint, spring ned til sjøen og ta eit bad. Her er det langgrynt og fin sandstrand. |
Kaffi og Oddbjørg si Andreasgarden kremkake, m.m. Samtale, sang, quiz. |
Varigheit
Denne samlinga vil ta omlag tre timar.
I utgangspunktet vil alt foregå ute, men vert veret dårleg, vil vi trekke inn i huset på garden. Her vil det vere plass til omlag 20 stk.
Bestilling
Minimumsantal for bestilling er 8 personar.
Dersom det er ønskeleg med anna tilrettelegging av program, ta kontakt.
Prisinformasjon
Vaksne 300,- Barn kr 100,-
I prisen er fylgjande inkludert:
- Eit glas alkoholfri drikke
- Middag, kaffi og kake
- Foredrag og guiding
Standard meny
Oddbjørg si fiske og urtesuppe m.brød og hylleblomstersaft (kan ta i mot store grupper ute).
Alternativt langsteikt lammelår (berre for små grupper, 12 personar).
Barnemeny – Brudevoll (lokal slaktar) sin populære mòrpølse.
(I Sunnmørsalpane blir det servert Andreasgarden si kjøttsuppe/brensnut).
Dei siste 10 åra har Oddbjørg også drive kafeen «Fruene ved havet» på Flø saman med venninna Gerd Fjellanger.
For meir informasjon, vennlig kontakt oss på e-post eller telefon /
For more information, please contact us by e-mail or phone.
Velkomen / Welcome